Har kost meg med #DoubleFine sitt #PsychOdyssey i helga, mange halvtimes-episodar av utviklingstida til #Psychonauts2.
Overraskande sjølvkritisk og smørfin velprodusert dokumentarserie for dei som aldri får nok av #TimSchaefer: https://www.youtube.com/watch?v=AKoy_KMVIyU #YoutubeTips
32 episodar, eg har ikkje nådd gjennom alle enno.
Det er absolutt ein serie med veldig sjølvbevisste subjekt, som er klare over sjangerkonvensjonane i ein prosessdokumentar, og filmskaparane er flinke til å lage «skurkar» og «heltar» – men totalt sett kjem det likevel ned til eit lag som er djupare enn det ein ser i dei aller, aller fleste «making of»-dokumentarfilm(seri)ar.
Eg har no kome til seriens skildring av pandemien. For eit fascinerande innblikk denne dokumentarserien har endt med å verte, ikkje berre for spelskapingsprosessen, både spesielt for Psychonauts 2 og generelt for videospel, men også for Tida Vi Var I.